19.03.2009

Akkurat no...

....er eg: ikkje heilt komen i gong med dagen
...har eg: ein bråkete heisekran som jobbar utanfor soveromsglaset mitt mellom 7 og 8.30 kvar morgon
...gjer eg: bacheloroppgåve og førefellande husmorsarbeid
...les eg: Ut å stjæle hester - Per Petterson (frivilleg) og Drømfakulteten - Sara Stridsberg (ufrivilleg)
...høyrer eg på: Radioresepsjonen
...vil eg: at tida ikkje skal gå so fort. For mykje å gjere - for lita tid å gjere det på
...likar eg: at våren er komen, at sola skin, og at Bergans har gjeve meg ei ny jakke
...likar eg ikkje: at eg eg lenka til skrivepulten, og at skrivepulten ikkje står ute i sola
...lurer eg på: om eg blir nøydd å gå aleine på fest ikveld...?
...fun fact: eg har Einar Tambarskjelve-medalje i bogeskyting!

Kredd!

5 kommentarer:

janne i trykken sa...

Sidan både du og eg høyrer på Radioresepsjonen, skal eg i ekte «fun fact»-and dele dette med deg: Visste du at teikneserien på kondompakningane som du har i eit glas på stova, faktisk er teikna av ein bergensstudent? Ikkje? No veit du det: http://www.bt.no/lokalt/bergen/article225622.ece

Unknown sa...

Nei det visste eg ikkje, Janne 1! Takk for folkeopplysinga! Og takk for at du opplyser allmugen av lesarar som ikkje befinn seg i Bergen om at stovebordinventaret vårt er ein vase full av kondomar...dette luktar forklaringsinnlegg!

janne i trykken sa...

Hoho. Om du ikkje ville skape blest rundt kondomvasen, burde du kanskje revurdere plasseringa av han? (:

Anonym sa...

Er denne kondomvasen kun til pynt eller er den ein bruksgjenstand? Innholdet altsaa, ikkje sjoelve vasen.
Det er det eg lurer mest paa idag. Lurer faktisk ganske mykje paa det, maa eg innroemme.

Unknown sa...

Janne 1: kondomvasen hadde jo ingen her på bloggen visst om dersom ikkje du hadde vore så opphengt i han! ;)

Snabelsaker: innhaldet er reelt. det løner seg å ha legestuderande vener. so det er i aller høgste grad bruksgjenstandar. men stundesvis er dei berre til pynt.