27.10.2008

Utfordring mandag 27. oktober - 08

Utfordringa har vore artig :)
Dagen har vore innholdsrik.
Her kjem bilde med tekst!

Her starta dagen kl. 7.
Kl. 8 er mann og unge sendt avgårde,
full fyr i ovnen, God morgen Norge,
strikketøy og Jonas søve morningskvilda.


Kl. 9.41 - står klar med naboen,
vi skal kjøre eit stykke for å gå tur! :)

Trillegjengen på 5 voksne, 5 små og ein hund
- meget varierande veir idag.
Sol og regn og sol og regn!

Tilbake på parkeringsplassen
- Jonas søv inderleg godt.
Domt å vekke eit sovande barn!

Energien frå turen blir brukt på
å støvsuge og vaske 1. etasje og trapp.

Støvsuga sopass lenge at Jonas, for
andre gong i livet sitt, sovna på stuegolvet.

Eg får tida å strikke nokre omgongar på
sokkane før Julie kjem heim i frå skulen.

Jonas våkna sjølvsagt når storesystra kjem heim.
Ho kan å smelle med døra.

Fiskepudding i kvit-karri-saus, poteter
og revne gulerøte til middag.


Mens vi venta på middagen og at pappa
skal kome heim, er det plastelina tid.

Julie skal lese leksa for pappa før sengetid.
Ho kan lese korte enkle setningar!
Far ser folen. Ole ser fela.

Så kjem kvelden!
Roen senka seg over huset.
Ungane søve på loftet.
Far sysla på garasjen.
Mor ser tv!

Takk for idag!


4 kommentarer:

Unknown sa...

Fantastisk, :bente! Både ein betre dag og ikkje minst betre bilder enn kva eg klarte å produsere! *applaus!*

skal vi gjere dette til ein månadleg syssel? :)

Unknown sa...

Fantastisk, :bente! Både ein betre dag og ikkje minst betre bilder enn kva eg klarte å produsere! *applaus!*

skal vi gjere dette til ein månadleg syssel? :)

:bente sa...

Gjerne det! :)

Gleda meg alt t november!

Anonym sa...

Ja, de syns eg jammen dokke ska gjere! :)