23.10.2008

Onsdag på torsdag

Fyrst og fremst: JA :bente, eg tek utfordringa! Men sidan gårsdagen også var ein innhaldsrik dag, varmar vi opp til den store utfordringa med kortfatta å oppsummere denne vekas onsdag i bilder.

Eg var i byn og skaffa meg denne:



Og sidan forfattaren sat i hjørnet og noterte navnetrekket sitt i bøkene, skaffa eg meg like so godt eit signert eksemplar:



I tillegg kom det ein lekker invitasjon til årets Playboy Mansion julebord:



Dagen blei avslutta med fagfest i kjellaren på kvarteret, der vårt eminente kviss-lag "Jaffal Alf" like godt naila heile kvissen og stakk av med kveldens einaste premie, pluss feite diplom printa ut frå fagutvalet si maskin:



I tillegg sende eg mi kjære maskin på helsefarm til Nordfjord, med eit lønnleg håp om å få den igjen i avvirusa tilstand. Eg rettar difor ein stor takk til roomie BK, som eg, utan hennar samtykke, stel datatid frå. No er eg i gong med utfordringa frå :bente, og dagen er full av planar. Vent i spenning!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ser ut te at du hadde ein produktiv dag Janne;) Og som kommentar heil te slutt.. berre sånn i stillheit: Det e juleselskap du e invitert i:) (ikkje sånn kjempeimportante.. men..litt importante) Nok te at eg skrive ein stille kommentar:) Gleda meg te å sjå ka du fekk ut ta neste dag ;)