26.08.2010

August

Etter ein heller lang bloggepause, også kalla sommar, er denne halvdelen av NestenVaksen tilbake til den same by, og kvardagen har så smått starta å innhente meg. 

Eg hadde eigentleg tenkt å lage eit langt og billedrikt innlegg der eg oppsummerte mine 8 veker i Nordfjord med flotte illustrasjonar, artige kommentarar og løgne anekdoter, slik at gud og kvarmann kunne bli oppdaterte på kva eg har styrt med denne sommaren. Dette var før eg såg at fotografiapparatet mitt inneheld tre bilder tekne etter 23. juni (heimreisedato); to av ei ripsbusk og eitt av fotskammelen på ein lenestol, teke litt på skrå og tydelegvis i fart. Ingen av dei er tekne av meg. 


Derfor vel eg å oppsummere sommaren 2010 på denne måten:

  • 8 veker ferie
  • 7 veker jobbing
  • 5 dagar sol


I gjennom desse 7 vekene med regnver og jobbing, er det gamle podcastar av RadioResepsjonen som har heldt humøret mitt oppe. Eg vart mildt sagt både skuffa og vonbroten då dei la inn radioårane, men ser med spenning fram til dei kjem over på eit nytt medie (NRK3) 27.oktober. Og det lovar godt, i alle fall om ein skal døme etter denne videosnutten som er henta frå denne sida.

 

Ingen kommentarer: