16.04.2009

Skraphaugen har talt!

No som påska er over, føler eg trang til, i beste onkel reisende Mac-stil å opplyse allmugen om kva eg driv på med om dagen (forutan å fordøye påskemarsipanen).

Eg har på dagen to veker til eg skal vere ferdig med ei bacheloroppgåve, og eg slit. Eg kjenner meg litt som Bober, motlaus og pessimistisk. Eg manglar Vips sitt futt, og kunne ha trengt litt av doozerane si arbeidslyst og ukuelege tempo. Formuleringsevna mi er i minus, eg strublar over orda lik gorgane stampar rundt i hagen, og alltid mislukkast. Eg kunne absolutt hatt bruk for Moki-hjelp. At eg bur og arbeider i eit rot som likar på verkstaden til oppfinnaren, og at eg ikkje har nokon Sprocket å kvile beina på, hjelper ikkje nevneverdig.

Og ein ting er sikkert, eg blir aldri ferdig med denne oppgåva dersom eg held fram med å skrive kryptiske bloggpostar. Men for å sitere eit gamalt ordtak:

Det vil vel helst gå bra!

PS: Eg såg Fragglene medan eg åt frukost i dag tidleg. Skin det igjennom?

3 kommentarer:

Jorunn Navelsaker sa...

No fikk eg lyst aa sjaa Fraglane! Va de en bra eps? ;)

Men duuuu! Meir outfits!

TJ sa...

Du må no bare si fra om du treng hjelp! Æ glømme itj at du stilt opp for mæ på BA-oppgaven min vettu! :P

Unknown sa...

TJ: nei den hjelpa hadde vel avgjerande vekt på resultatet av oppgåva!;) eg slit litt med å få innstallert eit IPA-system slik at eg kan få skrive noko lydskrift. Any ideas??