23.04.2009

Vis meg!

Ny spalte frå :bente. Vis meg favoritt-sida di.

Vel, akkurat no er mi favorittside ei kvar side som verkar. Eit nesten-datakræsj har ført til at Windows nektar å fungere, og drog med seg iTunes ned i driten når den fyrst var i gong. heldigvis verkar Word (nesten) tilfredsstillande, så eg trur eg skal hale i land oppgåva. Men minnepinne er uansett ei god oppfinning.

Men dei dagane eg har ei maskin som verkar som den skal, er det to sider eg alltid er innom kvar dag. Det er sjølvsagt NestenVaksen, og aftenposten.no, som eg meiner er ei av norgegs beste, om ikkje den aller beste, nettavisa. Kjedeleg? Ja, sikkert. Ballen er herved spelt over til deg, Nes. Vis meg din beste blogg, nest etter vår!

PS: grunna nemnde nett-problem er NestenVaksen-motebloggen midlertidig nede. Men den kjem STERKT tilbake! Trur vi...

Ingen kommentarer: