24.04.2009

Kvil i fred, moteblogg!

Ikkje mykje aktivitet på bloggfronten her frå vestlandets hovudstad. Dersom nokon lurer, prøver eg desperat å få ferdig bacheloroppgåva før eg reiser heim til vårens vakraste eventyr i slutten av neste veke. Det går sann passeleg. Bra det er knallveir ute! Det hjelper jo alltid på humøret når ein har skrivebordet framfor glaset.

Mi kjære maskin har ikkje funne på meir lumskheiter. Kryss fingrane for at det held fram slik.

Mitt STORE prosjekt om å gjere NestenVaksen om til ein moteblogg har vist seg å vere eit vanskeleg prosjekt. Kanskje fordi moteblogg-ideen i seg sjølv er ein teit ting. Ikkje veit eg. :bente gjorde eit mesterleg innlegg på dette i går, og eg håpar ho held fram, for eg vil i dag med dette bildet offisielt avslutte :janne sine innlegg på MotebloggenNestenVaksen.

Dette er hovudbestanddelane frå dei siste 14 dagars antrekk:



PS: Eg har ikkje brukt herrekleda til Ø som heng på bildet, og heller ikkje BK sine truser.

Herved er NestenVaksenMotebloggen avslutta frå mi side. (Tøy)Ballen ligg no hos :bente. Og når det gjeld favorittuttrykk, :bente, og eg må forholde meg til VærVarsomPlakaten, trur eg at eg treng litt meir betenkningstid...

God helg!

.

2 kommentarer:

BK sa...

veit ikkje heilt ka eg syns om at du drive å publisera bilde av trusene mine. Eg vil no påstå at det e veldig privat....men det e greit, eg kan alltids ta bilde av undertøyet ditt og legge ut på facebook som eget album!

Ingvild sa...

hehe;)