... men aldri heilt! To små jenter som har ei historie i lag. Dei reia og reia heilt til ein STOR og STYGG skapning holdt på å drepe dei! Etter dette har dei hatt eit behov for å skravle. Om dette og mange andre ting!
27.04.2010
Våren
O' glade vår!
Bliiiii hjå meg no.
24.04.2010
Sundag

Lange dagar fører til lite blogginspirasjon. Ei overhengande sky over hovudet slepp stadig ut dråpar av påminning om alt eg burde gjere, men ikkje rekk.
Når våren i tillegg knakkar på døra, men ser ut til stadig å bli avvist av ein atthengande vinter og veksande oskeskyer, må solbriller og tynne plagg framleis vike for vann- og vindtette favorittar.
Månadens utvalde er prega av draumen om å kunne sitte på ein benk, mysande bak store solbriller og med ein flau bris som leikar med paraplyen i drinken din, samstundes som han bles grillmatlukta i di retning.
Hald ut. Den kjem.
Summer Breeze - The Isley Brothers
Wild Bird - Bigbang
This Aint a Love Song - Scouting for Girls
Fool - Team Me
You and I, Both - Jason Mraz
Under the Sheets - Ellie Goulding
After You, Sir - moi
Ballad of a Hypnotizing Man - Notorius Bluegrass
A Thousand Times Over - Bigbang
Idyll - Dum Dum Boys
17.04.2010
Still going strong
Jada, eg lever.
Sidan sist har eg:
- hatt ein fin påskeferie
- vore ein tur på austlandet
- blitt så glad i praksisplassen min at eg har starta å kalle den "jobben" (noko som er frykteleg forvirrande for alle andre enn meg sjølv)
- endå ikkje meldt meg av mine siste 15 stp, noko som er ny rekord!
- blitt råka av oskeflykrisa (indirekte)
- ført Dave Rawlings Machine til toppen av mest spelt- lista mi i iTunes
- ødelagt ein paraply
- rota vekk Bergansbuksa mi
Etter rett skulle eigentleg :bente vore her i vestlandets hovudstad denne helga, men sidan Island gjer det beste dei kan for å prøve å køyre verda av hengslene, må vi prøve igjen neste helg. Eg nyttar helga til å jobbe med nokre av mine alt for mange studiepoeng, sidan eg mest sannsynleg kjem til å bli svart dersom eg går ut i regnet.
Og heilt til slutt: ei lita fanfare i anledning dagen!
23.03.2010
Jentene på hyttetur
Fredag til søndag.
Fantastisk selskap. Fantastisk afteski.
Fantastisk biff og fløtegratinertepoteter etter afterskien... !
Ideelt sett skulle den vore eten FØR afterski
- som alle veit blir det alltid vått innhald på afterski.
Men maten smakte kanskje like so godt etterpå.
Takk for turen jenter!
Latteren sitte forsatt laust når eg tenke på Tjostolfmila, Paradise og sykkelfantomet.
20.03.2010
Laurdag

Fordi eg er totalt blotta for bloggeinspirasjon for tida, er det knapt med innlegg frå vestlandet i disse dagar. Sørlandet har heldigvis ein høgare statestikk, dersom det ikkje hadde vore for :bente hadde bloggen sett dau ut for lenge sidan.
Men sidan eg ikkje klarer å skrive noko som liknar på noko løje, sender eg dykk i staden vidare til ein kar som klarer det. Les Are Kalvø sine inste tankar i staden for å irritere deg over mine.
Og ha ei fin helg, forresten.
12.03.2010
Tingenes tilstand
Eg har tidlegare blogga om kor mykje drit eg har i veskene mine. (Det viser seg at andre har same problemet!) Etter å ha blitt lei av å gå å drasse rundt på all denne driten, har eg renska veskene mine, slik at eg ikkje lenger slit meg ut kvar dag på å bære unødvendig vekt og gamalt bos.
Men når eit problem er løyst, melder eit anna seg. Kvar skal eg gjere av all driten som eg no ikkje lenger har i veska? For sjølv om det er drit, er det drit som er for god til å kaste. Dette gjer at det no hopar seg opp i haugar overalt, ting som eg sjeldan brukar, men ikkje klarer å kaste.
Ute av syne, ute av sinn er stikk i mot Feng Shui-reglane, men det hjelper. For ei stund. Driten blit stappa i boksar og korger, putta i skåp (eg har ikkje skuffer) eller plassert i vinduskarmar.
Kvifor kan eg ikkje berre kaste det? Tru meg, eg har lyst. Men eg klarer ikkje å hive fullt brukbare ting, sjølv om det går lenge mellom kvar gong eg får bruk for det. No høyres det kanskje ut som om leilegheita mi fløymer over, og at Hilde Hummelvoll dundrar på døra mi og tigg om å få kome inn. Slik er situasjonen heldigvis ikkje. Endå. Men vær so snill og sei at du kjenner deg igjen?
Ei løysing hadde kanskje vore å gjett det vekk. Nokon som treng ein bagasjelapp? Eit par billedrammer? Gamle mobilladarar eller ein handsfree-mikrofon? 15 refleksar og nesten heilt nye boblekonvoluttar? Ledningssurrarar? Samankrølla, ubrukte ark? Eller eit par blå merketusjar? Du får det du vil!
Men veskene er i alle fall mykje lettare då. Takk for det.
09.03.2010
iTunes > Spilleliste > Mars
Dei elleve beste for mars. Enjoy.
Wicked Way With You - Ben Taylor
Her Morning Elegance - Oren Lavie
Who Knows Who Cares - Local Natives
Kanskje Du Behøver Noen - CC Cowboys
Torsdag - deLillos
08.03.2010
Produkt(feil)plassering
I serien "Fullstendig unyttige produkt" er vi i dag komen til Colgate sitt bidrag: Tannkost med lukt av mint.
I utgongspunktet kunne jo dette høyres ut som ein god idé. Det hadde det jo og vore, dersom mintlukta hadde vore tilsett den delen av tannkosten ein har inne i munnen. Det er den ikkje. Den er plassert på skaftet.
Det du held i handa når du pussar tenner er med andre ord den delen av tannkosten Colgate har vald å duftsette. Det er berre det at det luktar ikkje mint. Det luktar slik som gummipipedyr beireikna for hundar luktar (og sikkert smakar). Eg måtte fiske emballasjen opp frå boset for å finne ut kva som var gale med min nye tannkost, og kvifor det plutseleg lukta dyrebutikk rundt hovudet mitt.
Det kan hende (hønse)hjerna bak prosjektet har tenkt at det hadde vore fresht om hendene våre luktar omtrent som munnen vår etter ein tannpuss. Joda. Men då foreslår eg enten a) tilsett ei mintlukt som faktisk luktar mint, eller b) smør hendene dine inn med tannkrem dersom du har dette sterke ønsket om å ein mintduftande kropp. Resultatet er i alle fall eit produkt eg spår kjem til å forsvinne raskare enn vaniljecola eller Smil med banansmak.
Lat oss konkludere: Jordan vet hvordan, Colgate har ikkje peiling.
PS: Eg understrekar at denne testen er gjort ufriviljug, tilfeldig og subjektivt, og må ikkje oppfattast som reklame for Jordan eller dissing av Colgate sine øvrige produkt. (Er eg ute av saksøkfareområdet no...?)
25.02.2010
Livsteikn
Ja, :bente, det er liv i meg.
Eg har berre frykteleg mykje å gjere, og får gjort endå mindre på grunn av eit hektisk tv-program utover kveldane. Det er jo trass alt berre OL kvart 4. år, og mesterskapsjunkie som eg er, er det enkelt å forskyve andre gjeremål til dagen etter. Og dagen etter der igjen. Og dagen etter der igjen...
Men no har eg funne redninga! Kjære gode Windows 7, du gjer livet enklare. Med den genialt enkle løysinga i form av digital post-it-lapp som legg seg på skjermen, kjem eg no (i samarbeid med min høgst elska filofax, sjølvsagt) ikkje lenger til å gløyme noko av det eg skal gjere. Eg følte meg som ein av fragglene på besøk hos Skraphaugen når eg fann denne funksjonen. O' digital lukke!
I tillegg skal eg av gårde og stikke fingeren i jorda ei vekes tid. Og vi veit jo alle kva innverknad det har på oppdateringsfrekvensen. Ikkje at den er noko å skryte av no for tida uansett.
Men no kan eg jo lage ei huskelapp på det. Husk: blogg oftare! Alle monner drar.
23.02.2010
Eg fann, eg fann!
var i fyr og flamme. Både fordi bursdagen var på BurgerKing og det var veldig spennande,
men og fordi JT sin fordufta hanske var observert.
Ein vakker dag då JT skulle ut med bilen,blei det i eit eller anna augeblikk lagt eit par hanska på taket, og ja, historia seie at der blei dei liggande. Den eine blei observert og funne flagrande rundt i nabolaget, den andre var fordufta. Ja, fordufa heilt til Julie oppdaga den i går kveld.
Ja, så måtte vi ut på hanske-jakt. For dette var ein siger i seg sjølv!
Den bortkomne hansken, som var so sårt sakna, har meldt sin ankomst igjen!
(Eg må få lov å presisere at det er eit par gode snowboardhanska, ikkje nokre til kr 20 på Rema)
Eg hadde litt vanskelig for å tru det kunne stemme, men når vi nærma oss brøytestikka ho hadde observert den på, steig stemninga i bilen og Julie holdt på å ramle ut vinduet.
"HANSKEN TIL PAPPA!!!"
og jaggu! Der hang den og dingla. Kalde og våte!
"Nå må jeg hjem å fortelle pappa at hanskene skal enten i bilen eller i huset! Ikke på taket! "
