18.12.2007

Tre nøtter


Ingen jul uten Askepott, med ei småfrekk stesyster og ein halvpen prins på slep. Sjølv det at brudediademet i sluttscena klart og tydeleg er laga av kvit hardplast, og ikkje av meir verdifulle materialer, klarer ikkje å legge ein dempar på at denne filmen rett og slett er ei perle av dei sjeldne.


Når eg var 8, kunne eg heile denne filmen utanat. Køddar ikkje. Desverre (?) kan eg ikkje påberope meg denne kunnskapen lenger. Når ein kun ser filmen ein gong i året, og ikkje 40 gongar for veka (slik vi gjorde når vi var 8), slepp rekkefølga på replikkane sakte, men sikkert taket.


Fleire som kjenner det slik? Skjønar. Eg tek ansvar. I dagens luke finn de eit resymé av den tsjekkiske storfilmen frå 1973, fritt etter barndomsminna til ein av startsiden.no sine medarbeidarar. I tillegg minner eg om at det berre er 6 dagar igjen til jul, og at NRK1 sender Askepott kl 10.55.





13.12.2007

Lucia



For nokre år sidan gikk eg i anledning luciadagen på apoteket for å kjøpe gurkemeie (ja, eg er ein av dei som tykkjer gurkemeire er betre enn safran i lussekattar. Dessutan kostar safran ca 40 000 kr for eit halvt gram). Boksen var på 50 gram. Oppskrifta mi krevde ett gram pr. posjon. Med andre ord hadde eg gurkemeie nok til eg var 70 år. Med tanke på mi begrensa glede for kjøkenstyring, trur eg kanskje boksen helde til eg er 75. Eller egentlig so trur eg den ved eit uhell kjem til å forsvinne under flytting.


Oops, so synd...


For deg som har lyst å bake herlegdomen og gje dei til meg etterpå, finn du oppskrifta i dagens luke:







09.12.2007

Eg vil takke...

Lang pause no. Veldig lang! På tide å ta grep igjen. Men fyrst: den obligatoriske takketala.

TAKK til Bente som har heldt fortet her medan eg har vore oppteken med eksamenar, familie, jobb og lange dagar.

TAKK til alle som har sendt meg fine meldingar i min lange pause.

TAKK til alle som les bloggen vår, trass i sjeldne oppdateringar.

Ei endå større TAKK til dei som gidd å kommentere den (ikkje so mange å takke der, altså... ta det til deg du som skal).

Og so til det viktige! Dagens julekalendarluke!




Kjem ein ikkje i julestemning av denne, so kjem ein ikkje i julestemning! Enjoy!

02.12.2007

ADVENTSKALENDAR

1. desember gjekk så inderlig fort, at eg aldri fekk lagt inn nåke. Trurkje Janne heller akkurat hadde kapasitet til det.
Men då prøva eg idag:

2. desember
Idag er det fyrste søndag i advent. Vi tenne lys for glede og håp!

30.11.2007

Dagens STORM tips

Dette Pølsevevet var GANSKE vittig! *fnise*

Julegåvetips te dei som ha alt?

27.11.2007

GOD JULEFERIE JANNE! :)



Måtte du få dei kosligaste 6 vekene med juleferie! :)

21.11.2007

Ein dag vekke frå jobb..


og VIPS har talva blitt litt meir ja, alt anna enn personlig?

20.11.2007

Roen har senka seg..

Eg sitte her med dataen fem minutt før eg skal legge meg.
Hus freden har roa seg.

Frikk har lagt seg i buret sitt.
Inne frå rommet til Julie høyre eg ein høg, sakte pusting, på kanten til snorking.

Deilig å av og til ha huset for seg sjølv. Nyte roen, rotet og stillheten som blir.
Men må seie at det hadde holdt i MASSE vis for meg om JT berre va vekke eit par tima.
Han er på Hovden fram til torsdagsseinekvelden....
Skulle gjerne ha satt meg i armkroken hass når det var litt actionfyldt både på
Grey's og Medium ikveld. Istadenfor blei eg sittande og gløtte bort på vei svarte glasa ut.....
Såg stadig nåke som rørte seg der ute. Klarte å skremme meg sjølv litt ja.. Men heldigvis
Frikk gjer som oftast beskjed om der er nåken ute, betryggande i grunn!

Nei no er det sengetid! :)

Skal berre inn å susse Julie godnatt fyst. :)

19.11.2007

Fullt fokus

Lat endå eg. Teke en ny jannehelen.


Akkurat no...

...er eg: ferdig med mine to mappeeksamenar
...har eg: en skuleeksamen på fredag og en på tysdag
...gjer eg: ei dårlig disponering av tida mi
...les eg: kun litteraturpensumet
...høyrer eg på: iTunes -> playlists -> christmas
...vil eg: berre stå på alle eksamenar
...likar eg: at eg faktisk har 6 veker juleferie!
...likar eg ikkje: at NoLi-mappeeksamenen min ser ut som den er skriven av en 4-åring
...lurer eg på: kven disse smart-ass'ane HER er
...fun fact: spiserøret mitt er nesten like stort som en melkeplett


Litt for fokusert på eksamen, seier du? Nei. Ikkje i det heile tatt.

18.11.2007

Ein draum...



Tenk å kunne hatt slik eit hår!

Iallefall glad min eigen etterkomar fekk det, når eg ikkje var so velsigna.....

Måtte julestemninga trenge seg på!






:)


15.11.2007

Ja takk takk

Ja takk til kommentara!

TAKK til alle som orka og GIDDE å lese den fantastike bloggen vår.