18.12.2007

Tre nøtter


Ingen jul uten Askepott, med ei småfrekk stesyster og ein halvpen prins på slep. Sjølv det at brudediademet i sluttscena klart og tydeleg er laga av kvit hardplast, og ikkje av meir verdifulle materialer, klarer ikkje å legge ein dempar på at denne filmen rett og slett er ei perle av dei sjeldne.


Når eg var 8, kunne eg heile denne filmen utanat. Køddar ikkje. Desverre (?) kan eg ikkje påberope meg denne kunnskapen lenger. Når ein kun ser filmen ein gong i året, og ikkje 40 gongar for veka (slik vi gjorde når vi var 8), slepp rekkefølga på replikkane sakte, men sikkert taket.


Fleire som kjenner det slik? Skjønar. Eg tek ansvar. I dagens luke finn de eit resymé av den tsjekkiske storfilmen frå 1973, fritt etter barndomsminna til ein av startsiden.no sine medarbeidarar. I tillegg minner eg om at det berre er 6 dagar igjen til jul, og at NRK1 sender Askepott kl 10.55.





Ingen kommentarer: