... men aldri heilt! To små jenter som har ei historie i lag. Dei reia og reia heilt til ein STOR og STYGG skapning holdt på å drepe dei! Etter dette har dei hatt eit behov for å skravle. Om dette og mange andre ting!
19.05.2009
18.05.2009
Dagen derpå
Heia Brann, heia Bergen, og heia mangfaldet. I tillegg hadde vi jo fint veir, god mat og godt selskap. Talene var litt for lange, men den nye nasjonalsangen kunne høyrast titt og ofte.
Heimen inviterte etter prosisjonen på tradisjonelt pølse-og-gele-party, medan kvelden vart avslutta i middagsselskap i den nyinnkjøpte leiligheita til E & M, med god mat og lattermildt kompaniskap. Eg gjekk glipp av to bussar fordi tida gjekk for fort. Ti minutt etter at eg (omsider) hadde kome meg heim, og fem minutt etter at det heidundrande fyrverkeriet på Festplassen var over, åpna dei kjende slusene frå himmelen seg, og fineveiret var over. Perfekt timing, ordna av 17.mai-kommiteen og byrådet, mest sannsynleg.
Som ikkje dette var nok, hadde eg på bunaden samanhengande i 13 1/2 time! Det er ny rekord, med klar margin! Det einaste eg mangla i går på å ha ein tradisjonell barne-17.mai, var å gå midt i ein skokk med ungar ein går i klasse med, med ein feit bunke med russekort i eine handa. Med det gjekk faktisk forbausande bra uten. Russekorta trur eg eg har vakse i frå, og prosisjonen ( i Bergen går man i prosisjon, ikkje i tog, må vite)var finare å sjå på enn å gå i:





Min favorittaugneblink i prosisjonen i går, var når prosisjonsinnslaget til ungdomsorganisasjonen Juvente møtte NHH-koret Svæverud på deira Hansalastebilkøyrande, syngande og øldrikkande tur i motsett retning. Dagens største kulturkræsj, vil eg seie...
Nesten så det er synd at Bergen ikkje feirar nasjonaldag oftare. På den andre sida, so har eg fire dagar igjen å lese på til eg må kunne overgripande mange litterære teoriar og analysar. Kanskje det held med ein gong i året likevel...
PS: Eg har fått opp til fleire forespørslar på fleire DagensAntrekk-postar. Mange tykkjer tydelegvis det er synd at motebloggen gjekk ein tidleg død i møte. På grunnlag av dette har eg bestemt meg for at motebloggen kjem til å gjenoppstå som GjestePostar med ujamne mellomrom. Følg med!
13.05.2009
Vårpause

Hugs lyd!
Det er nesten synd i katten, som set heile dagen i bakhagen vår (som han forøvrig betraktar som sitt private toalett) og ventar på at jæ.... skal lande sopass langt nede at han kan ende som middag. Og det hadde ikkje vore meg i mot! Eg er dyrevenn, men berre til ein viss grad...
Go pus!!
(Og dersom nokon skulle lure på korleis katten kjem seg ut av bakhagen vår, kan eg opplyse om at han lett som ingenting klatrar opp brannstigen de kan sjå i bakgrunnen bak Djevelens Tunge.)
Det er fare for at bloggeaktiviteten ikkje blir høgare framover enn den har vore siste tida. Vi satsar heller på kvalitet i dei innlegga som kjem. Men eg kan jo nevne at hyppig kommentering fører til hyppigare blogging... Eg har alltid vore glad i å spele ballen over på motstandaren sitt felt...
12.05.2009
24.04.2009
Kvil i fred, moteblogg!
Mi kjære maskin har ikkje funne på meir lumskheiter. Kryss fingrane for at det held fram slik.
Mitt STORE prosjekt om å gjere NestenVaksen om til ein moteblogg har vist seg å vere eit vanskeleg prosjekt. Kanskje fordi moteblogg-ideen i seg sjølv er ein teit ting. Ikkje veit eg. :bente gjorde eit mesterleg innlegg på dette i går, og eg håpar ho held fram, for eg vil i dag med dette bildet offisielt avslutte :janne sine innlegg på MotebloggenNestenVaksen.
Dette er hovudbestanddelane frå dei siste 14 dagars antrekk:
PS: Eg har ikkje brukt herrekleda til Ø som heng på bildet, og heller ikkje BK sine truser.
Herved er NestenVaksenMotebloggen avslutta frå mi side. (Tøy)Ballen ligg no hos :bente. Og når det gjeld favorittuttrykk, :bente, og eg må forholde meg til VærVarsomPlakaten, trur eg at eg treng litt meir betenkningstid...
God helg!
.
23.04.2009
Beste blogg er jo self VÅR då!
Kjenner ikkje vedkomande, men for nokre fine bilder og herlig inspirasjon!
:janne -> kva er favoritt uttrykket ditt? ( ver varsam plakaten gjelde her altso)
Dagens varp!

Jau, ser no at eg kanskje tok litt av i valg av briller.
Godt eg ha fleire :P
Ny griseskinnjakke! :) (faktisk ja)
Veldig behagelig på. Lang i armane og den fungerte GODT på ei småbarnsmor. Kunne løfte og tøye uten av den va trang.
Kjøpt på Only for kr 300 ,-
Skjorta inni, fekk eg for kr 50,- på Only den og...
Men der var åpningssalg, så var vel derfor det var så billig.
"Yooooooo"-rappe-smykket mitt ( som Julie kalla det) "fekk" eg frå bladet Kamille!
Ny tlf! :) Nokia med LILLA deksel bak.
Den virka veldig ok. AKkurat passe til meg.
Dongeribukse frå H&M kr 398,- :)
Kul rompe og smale bein.
To toppa frå Villa.
Handla to toppa/ tunika til, men dei fekk eg ikkje så gode bilde av.
Vis meg!
Vel, akkurat no er mi favorittside ei kvar side som verkar. Eit nesten-datakræsj har ført til at Windows nektar å fungere, og drog med seg iTunes ned i driten når den fyrst var i gong. heldigvis verkar Word (nesten) tilfredsstillande, så eg trur eg skal hale i land oppgåva. Men minnepinne er uansett ei god oppfinning.
Men dei dagane eg har ei maskin som verkar som den skal, er det to sider eg alltid er innom kvar dag. Det er sjølvsagt NestenVaksen, og aftenposten.no, som eg meiner er ei av norgegs beste, om ikkje den aller beste, nettavisa. Kjedeleg? Ja, sikkert. Ballen er herved spelt over til deg, Nes. Vis meg din beste blogg, nest etter vår!
PS: grunna nemnde nett-problem er NestenVaksen-motebloggen midlertidig nede. Men den kjem STERKT tilbake! Trur vi...
20.04.2009
NY SPALTE
Så :janne, vis meg.....
..... favoritt internettsida di!
17.04.2009
Rare ting skjer
16.04.2009
Skraphaugen har talt!
Eg har på dagen to veker til eg skal vere ferdig med ei bacheloroppgåve, og eg slit. Eg kjenner meg litt som Bober, motlaus og pessimistisk. Eg manglar Vips sitt futt, og kunne ha trengt litt av doozerane si arbeidslyst og ukuelege tempo. Formuleringsevna mi er i minus, eg strublar over orda lik gorgane stampar rundt i hagen, og alltid mislukkast. Eg kunne absolutt hatt bruk for Moki-hjelp. At eg bur og arbeider i eit rot som likar på verkstaden til oppfinnaren, og at eg ikkje har nokon Sprocket å kvile beina på, hjelper ikkje nevneverdig.
Og ein ting er sikkert, eg blir aldri ferdig med denne oppgåva dersom eg held fram med å skrive kryptiske bloggpostar. Men for å sitere eit gamalt ordtak:
Det vil vel helst gå bra!
PS: Eg såg Fragglene medan eg åt frukost i dag tidleg. Skin det igjennom?
14.04.2009
Dagens kommentar
- deilig deilig natt.
Vi dei tre eldste e nede for telling, minste mann er i FULL fart!
GUD hjelpe meg!
13.04.2009
10.04.2009
02.04.2009
Forlåt...!

