29.01.2011

Eg? Ein mammut?

Vel er eg gamal, men nokon mammut ser eg vel ikkje meg sjølv som likevel. Bortsett frå éin gong i året, omlag når vinteren tviheld på seg sjølv og våren prøver å presse seg fram. Mellom 17. februar og 5. mars er det mammutsal i alle bokhandlar i landet. Gode bøker til latterleg låge prisar. Og sjølv om eg har slutta (nesten) å kjøpe bøker på grunn av sterk mangel på hylleplass, blir det nok ein stabel i år og. Heldigvis/desverre.

No er det jo ikkje alle som likar å lese det same. Ikkje alle les so mykje. Nokon les meir enn andre. Nokon les ikkje i det heile. Av og til er det berre vanskeleg å kome i gong. Vanskeleg å vite kva bok som kan passe for ein sjølv. Og det er iallfall vanskeleg når du står i ein bokhandel med ein million bøker på tilbod.

Difor skal eg gje deg ei liste over kva EG ville ha brukt pengane mine på under årets mammutsal (dersom eg hadde hatt pengar og dersom eg ikkje hadde hatt alle desse bøkene frå før). Ingen diktsamlingar, ingen tunge biografiar eller tjukke engelske novellesamlingar, og ingen modernistiske romanar som ikkje er råd å forstå. Berre ei liste over bøker som er gode, enkle å kome i gong med og kjekke å lese. Tykkjer eg.

(Og dersom blogspot hadde fungert litt betre, hadde du fått eit pent lite bilde attmed kvar bokomtale. I staden må du nøye deg med ein link.)

Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda er noko so sjeldant som ei fransk bok på nynorsk. Camille flyttar inn hos Philbert fordi ho frys og ikkje et, der bur allereie kokken Franck som er litt over middels irriterande, men som har ei bestemor Camille blir veldig glad i. God bok. Kjøp den.

Min Kamp av Karl Ove Knausgård er kanskje veldig 2010, men guten skriv godt. Og overraskande lettleseleg. Så viss du vil finne ut kva fjorårets oppstyr handla om, les Knausen. Eller du kan la vere. (Og tru meg, det er slett ikkje nødvendig å lese alle.)

Millenium-trilogien til Stieg Larsson er opphypa av ein grunn, og grunnen er at dette er noko av den beste krim som nokon gong er skriven. Lisbeth Salander og Mikael Blomquist er eit radarpar. Larsson kombinerer svensk litteratur med mange mord. Både Liza Marklund og Jo Nesbø er mammutar i år, men vil du lese ekstremt god krim, les Larsson.

Are Kalvø sine Greatest Hits vol. 3 gjev deg Kalvø sin tørre kåseri-humor i form av eit skråblikk på landet syden, eit skråblikk på kinarestaurantar og eit skråblikk på nordmenn si hug etter å redde verda. Say no more.

Øyne i Gaza av Mats Gilbert og Erik Fosse fortel om dei vanskelege forholda på eit sjukehus på Gazastripa under det israelske angrepet rundt nyår 2008 og 2009. Sterk, skremande og nær. Og god.

Morten Schakenda si kokebok, eller rettare sagt bakebok, er verdt å ha. Dei berømde brøda og bollane frå bakeriet i Lom fekk underteikna og Bronda til å køyre akkurat passeleg fort resten av turen til Oslo. Og blodsukkeret heldt seg stabilt takka vere mr. Schakenda. Respekt.

Ingrid Bjørnov si pianobok har gjort for wannabe-pianistar det Lillebjørn Nilsen si gitarbok gjorde for wannabe-gitaristar. Lyst å drite i skalatrening, En rød bil og Tom Dooley, og gå rett på å lære deg å spele nachspiel- piano? Kjøp boka til Ingrid.

Thor Heyerdahl er representert med to verk på årets sal, flåteferda Ra og Aku- Aku- historia om Påskeøya. Sjølv om eventyrreisa Kon Tiki ikkje er på årets liste, er Ra og Aku Aku gode alternativ. Heyerdahl er uansett mannen.

Reisebreva til Niels Chr. Geelmuyden er reiselitteratur for deg som kanskje legg lista litt lavare enn kva overnemnde Heyerdahl gjorde. Alt frå Toscana og Washington til Henningsvær er omtala, og

No er det ikkje sikkert du finn noko som helst av dette interessant. Men kanskje, når du stikk innom bokhandelen mellom 17. februar og 5. mars, finn du noko anna? Og dersom du ikkje finn det slag, så har du iallfall prøvd!




1 kommentar:

Ingvild sa...

O, likte lista di Janne! Skriv godt gjere du òg! Gler meg til freddan!