02.06.2010

Morgonstund er tull i grunn


Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje kallar meg sjølv ein morgonfugl. I alle fall ikkje ein blid ein. Mi morgonrytme og vekkjarklokke er avpassa etter kva tid mine sambuarar forlet heimen. Men våren kan føre med seg endra søvnmønster, også for oss som tykkjer morgonsol er ei dårleg oppfinning.

Her ein dag vakna eg altfor tidleg (etter mitt syn), halv åtte på morgonen, og fekk ikkje sove att. Etter lenge å ha prøvd forgjeves å lokke sømnen tilbake, gav eg opp og starta dagen. Før ni. Dette medførte eit så krafitg jet-lag at klokka 11 på føremiddagen såg eg meg nøydd til å sove middag, i gode ein og ein halv time, for i det heile teke å klare å fungere nokonlunde normalt. Men etter dette starta dagen på ordentleg. Og takk for det.  

Ellers prøver eg for tida så godt eg kan å sjonglere alt for mange viktige ballar i lufta på ein gong. Eg håpar eg klarar å ta imot alle når dei kjem ned. 



2 kommentarer:

TJ sa...

Haha, æ bruke å ta en powernap kl 15 på ettermiddagen, planen e å sov i 20 minutt.

Bruke som regel å våkne kl 19.

Unknown sa...

kjenne til den du. standard stort sett kvar dag her i huset og.

men eg pleie å klare å drøye han til det bli ettermiddag iallfall...