15.06.2010

Ørna har landa

Og der var det sommarferie. Omsider. Landinga var ikkje prega av eleganse, meir av eit brak, men eg er iallfall nede. 

Formen er sann passeleg, det kjennest ut som nokon har prøvd å ete meg og spytta meg ut att. Eg har minst 40 timar med søvn å ta igjen, noko eg aktar å gjere snarast mogleg. I tillegg har eg bunkar med skjønlitteratur eg skal lese av eigen fri vilje, og som ingen skal spørje meg ut om etter at eg er ferdig. Dette aktar eg å gå laus på i næraste park, snarast.

I tillegg har eg fått beskjed om å kaste dei dyre optikartilpassa brillene mine og kjøpe nye på Rema eller Narvesen. Det er fantastisk at det gong på gong blir bevist at det enklaste er det beste.

Og dersom gud vil og veiret blir bra (for å sitere ein om ikkje kjær, så i alle fall gamal fransklærar), ser det ut til at det kan bli ferie på meg i år, noko som ikkje er kvartårskost i denne familien. Så for himmelens skuld, gje vektarane det dei vil ha i løn! Eg lovar å spytte i når eg får feriepengar.


Ingen kommentarer: