25.10.2009

Tjuvlysnat

Tid: i går, kl. 13.30
Stad: buss nr. 50, retning sentrum

Ein gutegjeng av bergenske fjortisar, kanskje var dei berre 13. Snakkar passeleg høgt om kveldens eskapader, der konserten startar kl. 21.00 (men vorspielet startar allereie kl. 20.00, der dei sikkert skal drikke seg dritings på fem flasker Eplerose og ei flaske lettøl på deling). Praten kjem over på temaet skule og lekser.

Gut 1: han dæræ Sokrates, vassje han en sann dæræ...dæræ...profet? lissom?
Gut 2: ...en sann so gjækk å tænkte på ting...?
Gut 3: neei, IDIOTER, sokrattæs va jo faren tæ jesus!!

Bra dei endå har nokre år igjen før dei skal ta ex.phil.

Ellers? :bente på vestlandstur, eg har mykje å gjere og får gjort mindre, til trass for god tid. Men, vintersportsesongen er i gong. Og då skal ein jo ikkje klage. I tillegg er iTunes > Spillelister > Månadens: Oktober oppe og går. Og den er lang. Vent i spenning.

1 kommentar:

BK sa...

hehe...nesten like bra som dei eg overhørte, dei som mente at Sturla Berg Johansen var litt hetro, men mest homo!!!!hohoho