Viser til høglytt krangel i området indre Sandviken natt til fredag 16. oktober 2009.
Eg vil takke dykk begge for at de valde treet rett utanfor soveromglaset mitt til å halde skilsmisseoppgjeret/ ekteskapsrådgjevninga / buoppgjeret dykkar i natt.
Det var ei beriking for meg å droppe all søvn i nærare tre timar for å høyre på dykkar meingar angåande kvarandre, samlivet sine kvalar, kvarandre igjen og verda generelt. Eg kan skjønne kvifor de begge har lyst til å fly kvar dykkar veg, det hadde eg òg hatt lyst til dersom eg måtte høyre på slik ei skvatring kvar ein jæ..la dag.
Eg vil ynskje dykk begge ei grufull framtid (om det blir til samans eller på kvar dykkar kant bryr meg midt i ræva), måtte dokke begge misse tungebandet i ei opprivande høgspentulukke og bli tvinga til vingespråket for evig tid.
Ha ei vidare fin helg.
Med venleg helsing,
:janne
5 kommentarer:
hehehe...nesten verre enn det helvete som sat ut i det lisje treet utanfor mitt vindauge ;)Har en tendens til å samle seg rundt ditta huset dissa fjærkrea! Heim i helga?
Wow, Janne! Jeg visste ikke at du prater skjorsk!
BK: ja vi bor tydeleg i eit ornitologisk bra område!
Ann Karin: joda, det er ein av dei få unyttige kunnskapane eg drog med meg frå medkunn-året. Kva drog du med deg? :)
BK: og forresten, treet utafor glaset ditt er vekk! nedklipt! men ikkje fortvil, restane av det står fremdeles i tre svarte bossekkar utanfor der. Og der kjem dei sikkert til å bli ståande ei god stund til...
Veit du noko om korleis dette gikk?
Du veit jo at eg er godt over nysgjerrig mht kven har gjort det slutt/blitt skilde osv.
Fill me in!
Legg inn en kommentar