13.10.2009

Bussvass

Eg har ei irriterande evne til å irritere meg over andre når eg sit lenge på buss. Typ Bergen -heim.

Eg ser ikkje på meg sjølv som spesielt vanskeleg. Eller sær. Men på lange bussturar irriterar eg meg over at folk snakkar høgt, eg irriterar meg over ringelydar og meldingslydar, folk som snakkar i telefon, at eg ikkje får sitje aleine, fjortispar som brukar heile turen til å kline eller finne ei god liggestilling i setet ( noko som ikkje går an), dei som snakkar høgt, dei som kviskrar, bussjåføren sine tørre vitsar om kvar ein finn toalett og kaffi, musikken som sig ut frå andre sine høyretelefonar, og kva er eigentleg greia med at med ein gong folk passerar 50, må dei på død og liv tviholde seg i setet foran...??

Eg meiner at på lange bussturar må folk forhalde seg til nokre få, men strenge reglar:
1. Hold kjeft
2. Lydlaus!!
3. Ikkje plag meg

Det hadde sjølvsagt vore noko anna dersom bussen var passeleg full av folk eg kjende godt og kunne hatt lyst å føre ei samtale med. Ein tre-fire stykker. Med normale lydar, stemmer og radio på passeleg høgt lydnivå. Der ein kunne stanse når ein ville, køyre so fort en vil og sleppe å stoppe på kvart eit nes langs heile kysten.

Eg ser no at det eg beskriv som min ønskedraum stygt liknar på ein bil...

Eg blir nok aldri nokon bussperson, sjølv kor glad eg er i miljøet.

6 kommentarer:

BK sa...

BÅT!!!!!

Unknown sa...

Problemet her er ikkje hjul eller kjøl, BK. Problemet er kollektivtransport. Hadde irritert meg akkurat like mykje over dei som hadde sete foran meg på båten. :) Ka tid returnerar du til superkollektivet?

JIH sa...

skal ikkje ha deg busstur heim over til eid no til helga då?! :)

Unknown sa...

JIH: skulle gjerne, frøken, men trur ikkje eg får det til å klaffe...dokke får ta en vegetar for meg og! :)

Anonym sa...

heilt sikker!?!? eg og bente va en tur innom didriks idag..har plana om en tur til ;) mhmm...deilig vegetar bagels..d hadde no jammen vore godt ka!? ;)

Unknown sa...

Anonym: tusen takk for at du gniiir det inn...Bergen ha mykje å by på, men betre vegetar bagels enn dei Didriks har finn du ikkje på denne sida av krigen. So du skal vite at det er ikkje lysta det står på!