02.11.2008

Søndag

Akkurat no...


...er eg: trøtt etter gårsdagens koselege ost- og vinkveld hos H og KR
...har eg: fått i meg dagens mocca og vitaminpilledunge
...gjer eg: oppgåve i ordhistorie, vaskar kle og ser på regnet
...les eg: nynorsk etymologisk ordbok, språkhistorie og Balansekunst - Rohinton Mistry
...høyrer eg på: P1, P2 og P3, sidan mi kjære maskin med min kjære iTunes er på helsereise
...vil eg: heim, at Bergansjakka mi skal bli tett igjen, at nokon skal lage middag til meg og at ei bølge av arbeidslyst skal overmanne meg
...likar eg: at gullet OMSIDER kom der det skulle!
...likar eg ikkje: at brannane i Sandviken ikkje ser ut til å gje seg
...lurer eg på: om lobotomering er eit krav for å få lov å vere med i "Ungkaren", og om Tide Bussar gjev sjåførane sine lov til å køyre ruta akurat når det passar dei
...fun fact: eg har spelt i ein prisbelønna homsefilm!

Og som vi alle veit, kredden går som vanleg hit.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Vess du ikke like at brannan i Sandviken ikke gir sæ, så må du slutt å tenn på da vettu.

Anonym sa...

Bøgfaren?

-A

Unknown sa...

TJ: vittig TJ!! eg drite no ikkje i eige reir då...! EG tenne jo sjølvsagt på i andre bydela...dah!

A: korrekt. Kjekt å sjå at du e i live, forresten.