04.04.2008

Tante janne teiknar og forklarar

Somme ting er visst vanskelegare å ta enn andre ting for folket i bloggarmenigheten vår. Som til dømes dette med kommentarar. Vi har no godt over 500 treff på sida vår, men kommentarane kan ein telje på to hender. Både bloggarsamansvorne :bente og underteikna har gjentekne gonger bedt pent og tynt om at alle dei nyfikne som likar å halde seg oppdaterte på våre ord og gjerningar, legg igjen ein liten kommentar til oss. Ris eller ros, pengar eller helsing, det er ikkje så nøye! Berre nokre få teikn som fortel oss at vi blir sette pris på (eller ikkje)!

Dette er tydeleg ei dørstokkmil for mange. For å gjere det litt mindre skummelt skal eg herved avlive nokre (tydelegvis eksisterande) myter om bloggkommentering.

  1. Det er ikkje farleg.
  2. Datatilsynet kjem ikkje til å ringe deg og spørje kva i heite du driv med( med mindre du gjer lugubre ting på fritida du ikkje bør gjere som har med datatilsynet å gjere).
  3. Risikoen ved å skrive namnet ditt under innlegget er heller liten. Det er difor ikkje noko fare med å gjere dette, og heller ingen grunn til å la vere.
  4. Vi kjem ikkje til å henge deg ut med bilde og telefonnummer dersom du legg igjen ein kommentar vi tykkjer er teit(noko vi sjeldan tykkjer).
  5. Faren for at framande finn ut kven du er når du legg igjen navnet ditt, er minimal. Dei einaste som kjenner deg igjen, er dei som kjenner deg frå før. Med andre ord: ingen framande!

So til alle fordelane med å bloggkommentere.

  1. Du gler enkle sjeler i Bergen og Kristiansand.
  2. Du er med på å bidra på verdsveven.
  3. Du slepp å få hatmailar med truslar frå bloggarane (noko som snart er undervegs til ein innboks nær deg).
  4. Du har rett til å uttale deg i etterkant om det vi skriv om.
  5. Vi kjem til å halde fram med å blogge postar av høg kvalitet. Ved framleis manglande kommentering er sjansen for denne sida sin død og forderving temmeleg stor!

Det er med andre ord eit enkelt val! Når du er ferdig med å lese våre flotte bloggpostar, trykker du der det (mest sannsynleg) står 0 nesten vaksne har sagt noko til oss og legg igjen nokre ord. Og eit namn. Vi lovar å ikkje bite.

2 kommentarer:

:bente sa...

Eg lova å bite!

Anonym sa...

lure på kor mange av dei 500 gangane eg har vore inn på?? Og dokke har vel voreinn på dokke og uten å redigere, eller?;) men no har det seg sann at eg har faktisk lagt igjen en del kommentare, og eg kan ikkje sete her heile dagen og skrive kommentara til dokke!!! Skaff dokke noken andre venna og då vel;) eg har til og med bidratt med en dansevideo inn på her, so synst eg heller skal få litt kompensasjon......