09.04.2008

Frå ein nordiskstudent sin kvardag

Eg skal skrive litteraturoppgåve til fredag. Eg skal vel ikkje påstå at eg ligg overvettes godt an... Med ein altfor stor teoridel og ein nesten manglande tolkingsdel, ligg det vel ikkje an til tilbakemeldingar av typen "meget".

Men eg synest det er VANSKELIG å finne ut mellom kva slags personar synsvinkelinstansen vekslar mellom i kapittelet om Helmer og nokre til. Eller kva betydning Inger, dottera til Sjøtrolle har i sluttkapittelet "Då Gud rømde landet". Å bestemme kor vidt den mimetiske modaliteten er sterk eller svak i rammeforteljinga er heller ikkje so lett! So dersom nokon der ute set inne med dølgd kunnskap om forteljarinstansen i Olav Duuns "Menneske og maktene", kjem eg til å setje pris på om dei syng ut til meg.

MEN!

Eg har framleis to dagar på meg å finne ut av desse gåtene. I tillegg skal eg ikkje på skulen før kl. 12.00 i morgon, det vil bli servert kaffi og kaker på infomøtet eg skal på, eg har gode vener som pusher apotekarvarer frå sunnmøre til meg og stand-up-billetten til fredagen er betalt.


Det gjeld å sjå det positive i ting, og det viktigaste er trass alt å gjere andre glad. Om ikkje anna har eg med denne posten fått deg til å prise deg lukkeleg over at du ikkje studerar nordisk litteratur.


PS: Bloggeidol Janne fyller år idag! Kondolerer og velkomen i gjengen.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Haha. Takk :) Bloggeidol du liksom :p

Unknown sa...

velbekomme! og bloggeidol? klart du e!