13.02.2008

Versus

Kvifor tog er betre enn buss:
  • ein kan lese utan å bli togsjuk (hurra!)
  • dei sel mat der (dobbelthurra!)
  • det er meir miljøvenleg enn buss
  • det går kjappare enn buss
  • det er billegare enn buss
  • ein kan gå rundt utan å tryne
  • ein kan gå rundt utan at alle tenkjer: aha, her er ein som skal på do...!
  • ein kjem andre stader enn heim (greit somme tider)
  • det bråkar lite
  • av og til kan ein vere heldige å knabbe vindaugsplassen frå snille sunnmøringar som let deg låne avisa si etterpå

MEN ...!

... ein må framleis setje sjøbein når ein skal på do.

Handtak...?

PS: dersom noken finn ein ny, (dyr) svart fleecehanske av merket BULA i den nedste bagasjehylla bakerst i vogn 447, ver venleg å returnér til irritert eigar (/mistar).

Ingen kommentarer: