07.02.2008

Bjelleklang

Her i byen mellom dei sju fjell, er vi næraste nabo med ei kyrkje.

Kyrkjeklokkene her oppe ringjer kvar kveld kl 19.00. Det har dei gjort heilt sidan vi flytta hit. Sikkert før det óg. Det har etterkvart blitt ein vane. Når klokkene ringjer (for deg), veit vi at klokka er 7.

Men for ei stund sidan la eg merke til at dei byrja å ringe FØR kl. 19.00. Nærare bestemt eitt minutt på. Rart, tenkte eg, sidan dei klokkene mest sannsynleg ikkje blir ringt med manuelt. Men no er dei byrja å ringe TO minutt på 7.

. . .

Prøver den norske kyrkja gradvis å ta over tidsstyringa av verda...?

3 kommentarer:

Anonym sa...

Påtide med nytt batteri i klokka di kjære?

Unknown sa...

nope! gjelde både pc-en, fjernsynet OG radiotida!

(og forsovidt dei andre klokkene mine...)

Anonym sa...

Skal sei det engasjera deg det her med kjerkeklokkene! :)
Kanskje du må spørr om å få en guida tur, og DÅ kan du spørre om kvifor dei skal ta over heile verdensuret!