14.02.2011

Gratulerer med dagen!


Gratulerer med dagen til alle!

14. februar er jo ein gledens dag for dei fleste, sidan det i dag er Skreiens Dag!

Eg reknar med at eg ikkje er den einaste som feirar denne storhendinga frå tidlig morgon til sein kveld. Fisk til middag er allereie fortært ( det er jo trass alt kjøtfri måndag i dag), sjølv om eg er usikker på om dette faktisk er rette måten å hedre skreien på...

Sidan de alle sjølvsagt feirar skreien i dag, treng eg vel neppe å drive med folkeopplysning om at skrei er namnet på den vandrande torsken, og at nær 40 % av denne Guds skapning vel å gyte i Lofoten. Ei heller treng eg å minne deg på at ordet skrei mest sannsynleg kjem frå det norrøne ordet skrida, som tyder å vandre. Men alt dette er jo sånt som du veit frå før!

For å gjere litt ekstra stas på skreien, prøvde eg å finne noko skreipynt i butikkane. Skreikort, blomsterbukettar med skreilappar på, skreikrus, skreisjokolade, skreivimplar, skreigirlander eller gigantiske skrei-bamsar som ein kunne ha gleda nokon andre med. Men eg fann ikkje noko som helst. Derimot fann eg overvettes mykje kort og bamsar med hjartemotiv og I Love U- tekst.

Eg tykkjer det er veldig rart at handelsstanden ikkje har kasta seg over denne flotte merkedagen og prøvd å utnytte den kommersielt! Dei kastar seg jo visserleg over alle andre rare tradisjonar, ofte amerikanske, for å freiste å presse pengar ut av nissane her på berget. Pussig. Spørs om ikkje eg skal starte produksjon av skrei-produkt sjølv, slik at eg til neste år kan tene pengar på nordmenn si pinlige evne til å kaste seg over kommersialiserte, merkelege, nye merkedagar og late som dei er ein del av ein amerikansk high school-komedie.

Uansett, ha ein flott dag i skreien sitt teikn!


Noko som kan vere ein skrei, lånt herifrå


1 kommentar:

BK sa...

hehehe, konge:) Eg ekje akkurat for Valentines dag eg heller!!!