Visdom er bra. Visdom er fint å ha. Visdomstenner derimot, kan eg klare meg utan. Og no klarer eg meg faktisk 3/4 utan.
Diverre er 600mg- konsentrasjonar av smertestillande grunna denne nyerverva mangelen på visdomstenner, kombinert med ei heller lang leseliste og heller kort tid, ein særs dårleg kombinasjon.
Og når ein endeleg kjem seg ut av pillerusen og er i stand til å gjere ein dags respektabelt arbeid, sler verda ein i fjeset med døra, ved å smekke opp med 15 grader og strålande solskin. Ute. Eg er inne.
Eg satsar på å slenge mi dør i fjeset på verda om ein månads tid, der eg set med ein (forhåpentlegvis) bestått litteratur-eksamen, og ler stolt av at eg hadde vett nok til å halde meg innandørs i fineveiret og pugge litterære teoriar og svenske mellomkrigsromanar. Sannsynligvis kjem eg til å hovere over dette i regnveir.
Heilt til slutt, berre ein PS om noko heilt anna: det er store moglegheiter for at NestenVaksen kjem til å vere representert med 50% i årets bergenske 17.mai- prosesjon! Føl med for oppdateringar!
2 kommentarer:
Ikke for å vær ekkel og sånn, men når æ les det her, e æ veldig glad for at æ e ferdig med både eksamen og visdomstann-tull. (Dvs, æ ska operer ut dem i nerkjeften hvis dem bynne å røre på sæ.)
Løkke tel med eksamen og morgendagen! Pass dæ så du ikke bli overkjørt av 17. mai-toget :D
hmm...eg meinar å huske at sist gong eg hadde liknande eksamenshjertesukk (dvs i desember) kommenterte du då og kor glad du var for at du var blitt vaksa og ansvarlig...
men berre en ting eg har gløymt å spørre om, TJ: kva tid må ein stå opp om morgonen når ein er vaksen...? for du skjønar, som student er eg sjeldan vaken før 9...:P
Legg inn en kommentar