11.12.2009

Kakemannja i Bergen og


Det er ikkje berre :bente som kan bake. Vi kan bake i Bergen og! Ikkje eg då. Men eg har gode vener som er i besitting av både evna til å lage kakemanndeig, i tillegg til kjevler og former og førkle og det som er.


Ein heil kveld, med både middag, barne-tv, utkjevling og mykje humor fører til mångt. Og trufaste som vi er til faget i vårt hjerte, førte det til at vi i år laga heile kollegiet på nordisk ved UiB i kakemann. Mellom anna. Forklaring følgjer under kvar fotografisk dokumentasjon.




Delar av nordisk-kollegiet. Bakre rekke f.v: ein pingvin, den kjekke litteraturførelesaren, her kalla " Peder", medbakarmeistervennine I, og vår tyske, feministiske litteraturprofessor.
Framme f.v: medbakarmeistervennine M, ein annan, ikkje fullt so kjekk litteraturførelesar, medstudent "Soledes", og førelesar i syntaks og morfologi.



F.v: ein sur mann, Ben frå A1, ein gris med svineinfluensa, sauen Shaun, ein Björn Borg-boxer, ein julegris med sløyfe og ein litt vanskapt kakemann.




Bakre rekkje f.v: ein husnisse, kakedame i bunad og ein chippendale. Framme f.v: raud flugesopp, reinsdyr med slede, emo-malin oppe i sleden og ei truse.



Pingvin påkledd med skjerf og truse, ein tjukkelest og eit epletre.




Jonas i magen på kvalen.


Dei "tradisjonelle" formene (også kjend som "dei kjedelege") vart også nytta, men dei gadd vi ikkje ta bilde av.


Elles må eg bere beklage ein laber oppdateringsfrekvens. Det heile skuldast eit tidlegare omtala datakrasj, i tillegg til ein føreståande eksamen som opptek det meste av tida eg ikkje brukar på å sove.

Men eg har no iallfall fått baka til jul!

1 kommentar:

Eirin sa...

Haha, alle kakemannjane våre var så fantastisk fine! Men "peder" skiller seg likevel ut, naturlig nok, med tanke på kakemannpeders inspirasjon og opphav:-) Vi vil alle ha en bit av han, eller hva emo M, men han er reservert Ingrid - du må ta til takke med Å haha!