13.05.2009

Vårpause

Vårferien min er over for denne gong. Slik ser leseutsikta mi ut:


Eg har åtte lesedagar på meg til den fyrste av dei to nervetestane. Eg treng vel ikkje nemne at eg ikkje på langt nær er i rute. Ikkje har vi lært i år heller...

I tillegg har vi fått ein ny nabo. Ein som tydelegvis er kjøpt og betalt av Naturvernforbundet for å skape mest mogleg uro. Dette meiner eg seriøst, denne karen er på linje med kinesisk vanntortur. Etter eit par timar med denne lyden i bakgrunnen, er psykosa temmeleg nær.

Hugs lyd!

Det er nesten synd i katten, som set heile dagen i bakhagen vår (som han forøvrig betraktar som sitt private toalett) og ventar på at jæ.... skal lande sopass langt nede at han kan ende som middag. Og det hadde ikkje vore meg i mot! Eg er dyrevenn, men berre til ein viss grad...

Go pus!!

(Og dersom nokon skulle lure på korleis katten kjem seg ut av bakhagen vår, kan eg opplyse om at han lett som ingenting klatrar opp brannstigen de kan sjå i bakgrunnen bak Djevelens Tunge.)

Det er fare for at bloggeaktiviteten ikkje blir høgare framover enn den har vore siste tida. Vi satsar heller på kvalitet i dei innlegga som kjem. Men eg kan jo nevne at hyppig kommentering fører til hyppigare blogging... Eg har alltid vore glad i å spele ballen over på motstandaren sitt felt...

3 kommentarer:

Anonym sa...

du sleppe jaffal å bli vekt av de det kvar morgen....taterfulg altså!

Ingvild sa...

Kjekt å sjå at det e liv og røre hos dåkke òg! ;)

TJ sa...

Herregud. Æ har gevær. Æ e treffsikker. Og æ e blakk. Men betale du billetten, så kjæm æ og knerte den der. Lett.