18.01.2009

Tankar på ein søndag...

Eg skreiv i forrige innlegg at eg var pinleg berørt over kor lenge det var sidan forrige innlegg. Vel, det er ingenting mot kor pinleg berørt eg er no.



Men det er ikkje noko vits i å gråte over gamal melk. Jula er over, og kvardagen slo meg like hardt i bakhovudet som den pleier å gjere.



Kollektivet har midlertidig krympa med ein person, lånekassa og eg er framleis ikkje vener, eg har ein god hangover idag, og yogaen, som liksom skal hjelpe på min trøblete korsrygg, har ikkje gjort noko anna enn å gje meg så stive musklar at eg ser ut som ei kråke med leddgikt når eg går.



Men eit nytt år betyr jo nye moglegheiter. Derfor har eg, til tross for dårlege erfaringar med dette frå før, meldt meg opp i 45 studiepoeng, og ser blåøygd fram mot eit tilvære fastlenka til skrivepulten. I tillegg har eg, utan heilt å vite kvifor, meldt meg frivillig til å snakke høgt framfor menneske eg ikkje kjenner om ting eg ikkje heilt har greie på, på eit seminar i morgon. Og eg rekk ikkje ein gong å vere med på lunsjen dei serverar!



Då er det bra ein kan gå på byn og møte gode vener som ein ikkje ser so altfor ofte. Sjølv om det ødelegg dei dagane ein hadde planlagt å få gjort alt ein ikkje fekk gjort tidlegare i veka.



Jaja. Trivielle ting i bunn og grunn.

Men eg er uansett imponert over alle dei som har vore innom her og sjekka statusen medan vi har hatt bloggepause! Kanskje de likar oss likevel...?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Eg e i grunne pinlig berør på dokka sine vegne ;) Ekje mykje aktivitet her for tida jenter!

Anonym sa...

Ja, kanskje me likar dykk!

(Og i likhet med deg, likar eg ikkje Lånekassa)