02.12.2008

22 dagar igjen til jul!

Julekalendaren er omsider i gong! Ei heil hylle lyser mot oss med bura fulle av pakkar. Nesten som vindauget hos skomakar Andersen.




BK fekk æra av åpne den fyrste gåva nokonsinne i kollektivet sin julekalendar. Attpåtil fekk ho (den tvilsomme) æra å bli tildelt verdas einaste Kjell Magne Åshamar- pakke, noko som ho sette stor pris på.




Når varaordføraren viste seg å innehalde noko brunt og sukkerhaldig, var gleda fullkomen.




I dag er det min tur å opne pakke, og eg gler meg noko hinsides! Men sidan reglane lyd at alle medlemmar av kollektivet skal vere heime når pakken opnast, og BK har korøving ikveld (= sein kveld), må eg smøre meg med tålmod endå mange, mange timar. Bra eg har forelesing, eksamenslesing, S-besøk og mykje fjernsyn å slå i hjel tida med.

Og sånn går nu dagan...

5 kommentarer:

:bente sa...

Dødsrå innpakking!
I just LOVE it!

Anonym sa...

BK's tid som blondine forbi??

Unknown sa...

:bente: KMÅ-pakkar er sterkt undervurdert! Eit tips no i desse julegåveinnpakkingstider?

anonym: Ja, BK er ikkje lenger blond og fager, berre fager. Men har like mykje fun som før trur eg.

Anonym sa...

EG har JÆVLA med fun som mørk og;)

Anonym sa...

Det e bra. Velkommen ska du vere i brunette-klubben!:)