04.03.2008

Eit spark i rovi, takk!

Laurdagar er ikkje den heilt store dagen for sjølvransaking. Ikkje søndagar heller. Og det skulle vise seg at heller ikkje mandagar er dagen for dette! Medan eg ventar på rett dag, veks pensumbunken merka "skal lesast".


So då var vi allereie komne til tysdag, og eg er ikkje komen lenger enn dit eg var på fredag. Eg treng å skaffe meg noko som gjer at eg får gjort noko, utan at det har sentralstimulerander biverknadar. Med andre ord må eg skaffe meg den siste- liten- panikken eg pla få tre dagar før eksamen, no tre månadar før eksamen.


Og det viser seg at heller ikkje tysdagar er dagen for sjølvransaking...

Ingen kommentarer: