30.08.2009

Ja...

Ja. Eg er i live.

Ja. Eg er i Bergen.

Ja. Eg går på ny skule.

Ja. Eg et, søv, les og er overraskande mykje meir sosial enn eg pleier.

Ja. Eg har forferdeleg dårleg samvit for at det har vore laber aktivitet her i forferdeleg lang tid no.

Ja. Eg har store planar om ein oppsummeringspost.

Ja. Så var det berre å få tida til alt då.

Ja...

24.08.2009

Besøket er over

og den raudelauparen er rulla inn igjen.
Trur den trenge ein vask etter laurdagens elleville arrangement.

Takk :janne, for at du var der og gjorde dagen komplett!

19.08.2009

1 dag igjen :)

No e det PLUTSELIG berre 1 dag igjen!

EG GLEDA MEG JANNE!!!!

05.08.2009

Jaggu sa eg smør

:)
Panta flaske i går. Etter å trykka inn alle flaskene, tenkte eg hardt på om eg skulle trykke på Røde Kors knappen, eller den grønne. Eg motet til meg å tryte på den raude xen. Sekunda var som TIMAR. Maskina gjere seg klar. TA ta ta tataiiiiiii. :) Eg "såg" korleis nullane på maskina rullafram. At eg vann den store gjeve premien på heile 2 millionar kroner! At eg kunne sleppe å handle, berre bestille ALT heim UBEGRENSA.
Men eg kom fort ned igjen på jorda når eg såg den store sum av kr 50,-. Jo det var då ein premie! Eg gav 29 kr i pant til RødeKors, som takk gjer dei meg kr 50,-. Alt i alt kjem eg ut med kr 21 i pluss. :)
Etter å ha handla matvare for kr 1000,- hadde eg forsatt ein GOD følelse av gevinsten min! :)

31.07.2009

Nedtelling....

Vi starta nedtellinga på 20! :)

27.07.2009

Sånn går nu dagan...

Jau... sommaren går.
Vi er dårlige å blogge i høgtide/feria. Det må vi berre vedgå.

Sommaren går i fullfart, snart er vi begge påplass igjen.
Blogga om veir og vind, irriterande ting og pussige situasjona.

Eg berre seie det, vi er snart tilbake!

12.06.2009

Dagane derpå

Siste vekene har vore intense, noko innleggsfrekvensen klart viser. Men intensitet er ofte det same som innhaldsrik. Dette er ikkje noko unntak.

Dette må vel seiast å vere høgdepunktet, skaffa av superroomie BK. Fantastisk veir, fantastisk mann, fantastisk musikk, fantastisk stemning. Kort sagt.


I tillegg har eg ferie! 1 stk bachelorgrad i språk med nordisk spesialisering (eller mellomfag i norsk, som enkelte av oss likar å kalle spaden) gjekk i boks i går, planane for hausten er begynt å falle på plass, og eg skal ikkje lese pensum før i august. Lukke!


Ellers har vi hatt sommaravslutning med fjorårets superkull, der moralen var at dersom du bestiller dessert på Fridays, ikkje be om stor porsjon når det berre er to som skal dele (det kjem kanskje litt dårleg fram av bildet, men dette kakestykket er på størrelse med Hålogaland amt):




Ein søndag ettermiddag vart det helde brødbakekurs for A, som har slite litt med heving og klissete deig:



Dagane før heimreise skal nyttast til rydding, pakking og vasking, som er blitt ofra glatt til fordel for lesing dei siste tre vekene (det ser ut som klesskapet har spydd på rommet mitt). Dagane etter heimreise skal brukast til mykje jobbing og lite betaling, festlegheiter i samband med :bente, mykje sosialisering og forhåpentligvis mykje fint veir. Men fyrst er det pakking.

Eller eigentleg, aller fyrst er det kafé.

31.05.2009

Gudsgåve t kvinnekroppen?

Er dette Guds gåve til kvinnekroppen?

Eg har bestilt, håpa den faktisk har den guddommelige effekten som andre har hatt. Blir iallefall blå og lilla før eg blir gul å kanskje etterkvart blir kvitt det lisje(evnt mykje?) ekstra på magen.

Kan alle krysse det dei har?

26.05.2009

Oppskrift på godt humør

Ta ein stk. gamal underholdningsartist, spe på med eit liveorkester og ei skyggehue, og syng ein evergreen. Plutseleg er tysdagen så uendeleg mykje betre enn før! Herlege good old days... Og er det ikkje nydeleg at han tek med seg inn ein lampe til å ha på flygelet...?

Denne får meg fullstendig til å gløyme at eg har eit stort, mektig, uåpna pensum, berre tre visdomstenner og lite pengar. Livet er hærlig, dere!

23.05.2009

Gjestepost: Dagens Outfit

Sidan eg har vore oppteken med eksamensførebuingar heilt fram til i går, og hovudet er rimeleg mørbanka og tomt for gode bloggeidear, smekkar eg til med eit lenge etterlengta innlegg i kategorien Dagens Outfit. Dette er dagens outfit for forrige søndag:


Bunad frå Nordfjord. Gnagsår frå helvete.

Ellers kunne eg ha posta eit bilete av nokre nye sko eg har kjøpt. Men det kjem eg ikkje til å gjere! God helg!

22.05.2009

Å surfe

Eg har i det siste surfa ein del. Ja surfa på dette internettet! Jammen har vi mange FINE, PRAKTISKE og STILIGE sider, sider som fungera og er logisk oppbygd.

:)
Takk for at der er nokre her i verden som bryr seg om kunden!

18.05.2009

Dagen derpå

Dagen i går kan kort oppsummerast slik:




Heia Brann, heia Bergen, og heia mangfaldet. I tillegg hadde vi jo fint veir, god mat og godt selskap. Talene var litt for lange, men den nye nasjonalsangen kunne høyrast titt og ofte.

Heimen inviterte etter prosisjonen på tradisjonelt pølse-og-gele-party, medan kvelden vart avslutta i middagsselskap i den nyinnkjøpte leiligheita til E & M, med god mat og lattermildt kompaniskap. Eg gjekk glipp av to bussar fordi tida gjekk for fort. Ti minutt etter at eg (omsider) hadde kome meg heim, og fem minutt etter at det heidundrande fyrverkeriet på Festplassen var over, åpna dei kjende slusene frå himmelen seg, og fineveiret var over. Perfekt timing, ordna av 17.mai-kommiteen og byrådet, mest sannsynleg.


Som ikkje dette var nok, hadde eg på bunaden samanhengande i 13 1/2 time! Det er ny rekord, med klar margin! Det einaste eg mangla i går på å ha ein tradisjonell barne-17.mai, var å gå midt i ein skokk med ungar ein går i klasse med, med ein feit bunke med russekort i eine handa. Med det gjekk faktisk forbausande bra uten. Russekorta trur eg eg har vakse i frå, og prosisjonen ( i Bergen går man i prosisjon, ikkje i tog, må vite)var finare å sjå på enn å gå i:















Min favorittaugneblink i prosisjonen i går, var når prosisjonsinnslaget til ungdomsorganisasjonen Juvente møtte NHH-koret Svæverud på deira Hansalastebilkøyrande, syngande og øldrikkande tur i motsett retning. Dagens største kulturkræsj, vil eg seie...

Nesten så det er synd at Bergen ikkje feirar nasjonaldag oftare. På den andre sida, so har eg fire dagar igjen å lese på til eg må kunne overgripande mange litterære teoriar og analysar. Kanskje det held med ein gong i året likevel...

PS: Eg har fått opp til fleire forespørslar på fleire DagensAntrekk-postar. Mange tykkjer tydelegvis det er synd at motebloggen gjekk ein tidleg død i møte. På grunnlag av dette har eg bestemt meg for at motebloggen kjem til å gjenoppstå som GjestePostar med ujamne mellomrom. Følg med!

13.05.2009

Vårpause

Vårferien min er over for denne gong. Slik ser leseutsikta mi ut:


Eg har åtte lesedagar på meg til den fyrste av dei to nervetestane. Eg treng vel ikkje nemne at eg ikkje på langt nær er i rute. Ikkje har vi lært i år heller...

I tillegg har vi fått ein ny nabo. Ein som tydelegvis er kjøpt og betalt av Naturvernforbundet for å skape mest mogleg uro. Dette meiner eg seriøst, denne karen er på linje med kinesisk vanntortur. Etter eit par timar med denne lyden i bakgrunnen, er psykosa temmeleg nær.

Hugs lyd!

Det er nesten synd i katten, som set heile dagen i bakhagen vår (som han forøvrig betraktar som sitt private toalett) og ventar på at jæ.... skal lande sopass langt nede at han kan ende som middag. Og det hadde ikkje vore meg i mot! Eg er dyrevenn, men berre til ein viss grad...

Go pus!!

(Og dersom nokon skulle lure på korleis katten kjem seg ut av bakhagen vår, kan eg opplyse om at han lett som ingenting klatrar opp brannstigen de kan sjå i bakgrunnen bak Djevelens Tunge.)

Det er fare for at bloggeaktiviteten ikkje blir høgare framover enn den har vore siste tida. Vi satsar heller på kvalitet i dei innlegga som kjem. Men eg kan jo nevne at hyppig kommentering fører til hyppigare blogging... Eg har alltid vore glad i å spele ballen over på motstandaren sitt felt...

12.05.2009

Tusen takk og velkomen IKEA!

Må berre seie TUSEN takk for alt du har og kjem til å gje framover!