01.02.2010

God morgen :Norge

Ein slik morgon er nydeleg.
GOD MORGEN NORGE!
- 20 grader, blå himmel og fin soloppgang.


29.01.2010

God helg!

og veloverstått :SnorkFrøken.

Hipp hipp!

27.01.2010

Oppklaring

Rekk opp handa alle som ikkje veit kven Jon Fosse er.

Eg vurderar å trekke hovudet ut av bokene og skaffe meg fleire interesser.

26.01.2010

Tenk over dette folkens!

Oi..... denne var trist og gripande og ja... veldig til ettertanke.

25.01.2010

Jeg møtte en kjendis!

.

I dag gjekk eg forbi Jon Fosse på veg heim frå skulen.


Det var eigentleg ikkje so stort.

24.01.2010

Fint skal det vere...

... sa jenta og melde seg opp i 45 studiepoeng. Igjen.

Godt år, igjen. Det er på nytt pinleg lenge sidan siste oppdatering frå mi side. :bente er flink. Eg er vel heller på minussida. Eg skuldar på mykje å gjere og mangel på maskin, sjølv om eg ikkje har gjort so lite på lenge som eg har gjort denne veka, i tillegg til at eg har rappa roomie T si maskin for ein kortare periode. Men nytt år, nye moglegheiter. Det kan jo hende eg blir flinkare i år.

Men eit nytt år betyr jo at ein gløymer sine eigne svakheiter og begrensningar. Eg har i år (igjen) meldt meg opp i alt for mykje studiepoeng i den tru at dette kjem til å gå fint. Vi veit jo alle at det ikkje kjem til å gå fint. Men for å sitere ein middels godt kjent norsk dramatikar (Ibsen): "Tar De livsløgnen fra et gjennomsnittsmenneske, så tar De lykken fra ham med det samme." Og det er jo trass alt betre å vere lukkeleg enn realistisk.

Elles er studieprofilen dreia en smule vekk frå litteraturen og litt meir mot kulturen, lånekassa hatar meg som alltid og rekningane hopar seg opp. Men når folk spør korleis det går, kan eg iallfall med heva hovud seie at joda, eg tek eitt fag meir enn eg treng og ventar på at ein større pengesum skal rase inn på konto. Det viktigaste er jo kva inntrykk du gjev.

For å sitere ein annan kjend norsk forfattar (Sigurd Hoel): Skal vi gå til hel...., så skal vi iallfall gå på brolagt vei!

06.01.2010

NrkSuper har tatt livet av ettermiddagskosen

"Pakka pakka pakka!" Jonas springe villt rundt i stua. "PAKKA!"
Men stakkars Jonas forstår ikkje at Makka Pakka og venene hans er tatt av sendeskjemaet til NrkSuper. Mor irriterar seg over dette. Irriterar seg over at den koslege halvtimen med verdens enklaste barne-tv er vekk. Irriterar seg, halvtimen gav ofte inspeksjon av innsida av augelåka. Ikkje heile halvtimen, men 2-3 min no og då!
Ja ja, ei mager trøst er at NrkSuper velge å møte responsen med å sende det kl 10.30 på føremiddagen istadenfor. Kanskje PVR MÅ bli realitet snart?

01.01.2010

Godt år!



Godt år til gamle lesarar, nye lesarar, trufaste lesarar, "stikk-innom-når-eg-hugsar-det-lesarar, familielesarar, vennelesarar, kollega-og-medstudent-lesarar, kjende lesarar, ukjende lesarar og alle andre lesarar.



Og til :bente. Sjølvsagt.



23.12.2009

God jul kjære lesar!

No senka snart julefreden seg over oss.
Måtte den bli den finaste nokon sinne.

Hjå oss blir det kvit jul. Det er lenge sidan det!


15.12.2009

Horoskop veke 51

Horoskop i BT for denne veka:

Ting går som på skinner for deg denne uken, du er i toppform og  lykkes i det meste av det du prøver på. (Red. anm: eg tolkar det då dithen at på eksamen i morgon kjem eg kun til å bli spurd om ting eg kan. Difor er det heller ikkje noko poeng i å lese meir. Eg vel difor å setje Bugge på øyret, tenne eit partre stearinlys, ta ein dusj og køye passeleg seint.) Ditt sosiale program er også tettpakket. Husk likevel at du ikke er nødt til å være med på absolutt alt som skjer, du trenger å slappe av innimellom. (Red. anm: so sant, so sant. Siste veka har eg kanskje hatt 8 lesetimar, og minst 60 sosiale timar. Difor takka eg idag nei til eit kafébesøk. Eg har jo trass alt hatt eller vore på besøk dei siste 6 dagane. Inkludert idag. Men med tanke på det fyrste som sto i horoskopet, var det kanskje ikkje nødvendig å droppe kafe i dag likevel...? ) Økonomien vil også ha godt av dempet aktivitet en stund. (Red. anm: det er slike ting som gjer at eg trur på horoskop. Gudane skal vite at min økonomi har hatt godt av å vere i laber aktivitet siste tida. I dag kom stipendet. Takk høgare makter for det. Det er ein grunn til at eg reiser heim torsdag for så å starte rett på jobb fredag.)

Med andre ord, Bergens Tidende meiner stjernene skal vere med meg denne veka. Heldig at det er denne veka eg skal ha eksamen då.  I tillegg har eg fått sjokolade med M i kveld, Ø har plumboa vasken på badet og eg har nysteikte brød på kjøkenet. Og om 19 timar har eg juleferie. 

Kvardagslukke.



11.12.2009

Kakemannja i Bergen og


Det er ikkje berre :bente som kan bake. Vi kan bake i Bergen og! Ikkje eg då. Men eg har gode vener som er i besitting av både evna til å lage kakemanndeig, i tillegg til kjevler og former og førkle og det som er.


Ein heil kveld, med både middag, barne-tv, utkjevling og mykje humor fører til mångt. Og trufaste som vi er til faget i vårt hjerte, førte det til at vi i år laga heile kollegiet på nordisk ved UiB i kakemann. Mellom anna. Forklaring følgjer under kvar fotografisk dokumentasjon.




Delar av nordisk-kollegiet. Bakre rekke f.v: ein pingvin, den kjekke litteraturførelesaren, her kalla " Peder", medbakarmeistervennine I, og vår tyske, feministiske litteraturprofessor.
Framme f.v: medbakarmeistervennine M, ein annan, ikkje fullt so kjekk litteraturførelesar, medstudent "Soledes", og førelesar i syntaks og morfologi.



F.v: ein sur mann, Ben frå A1, ein gris med svineinfluensa, sauen Shaun, ein Björn Borg-boxer, ein julegris med sløyfe og ein litt vanskapt kakemann.




Bakre rekkje f.v: ein husnisse, kakedame i bunad og ein chippendale. Framme f.v: raud flugesopp, reinsdyr med slede, emo-malin oppe i sleden og ei truse.



Pingvin påkledd med skjerf og truse, ein tjukkelest og eit epletre.




Jonas i magen på kvalen.


Dei "tradisjonelle" formene (også kjend som "dei kjedelege") vart også nytta, men dei gadd vi ikkje ta bilde av.


Elles må eg bere beklage ein laber oppdateringsfrekvens. Det heile skuldast eit tidlegare omtala datakrasj, i tillegg til ein føreståande eksamen som opptek det meste av tida eg ikkje brukar på å sove.

Men eg har no iallfall fått baka til jul!

08.12.2009

«Den som går i andres fotspor, kommer aldri først»