... men aldri heilt! To små jenter som har ei historie i lag. Dei reia og reia heilt til ein STOR og STYGG skapning holdt på å drepe dei! Etter dette har dei hatt eit behov for å skravle. Om dette og mange andre ting!
17.09.2009
Dagens surf
Ellers har eg blitt litt betatt av blogga. Her er to av dei eg har hengt meg litt opp i. 1og 2.
Ellers er eg jo stadig innom Nettavisa og Finn. Har den siste tida blitt meir opphengt i secondhand-handel. Har akkurat handla sko, klokke og lommebok gjennom trygghandel på Finn.
Kan avslutningsvis oppfordre alle til å tenke gjennom kjøpa sine.
MÅ du handle nytt? Eller kan du handle det brukt?
14.09.2009
Haust = strikking
Enkle å strikke - artige å ha på!
Neste prosjekt er her
Bildeprov på prosjektet kan drøye litt...... Men ein liten kjekkast i kjekkasgensar må vel bli bra? :)
12.09.2009
10.09.2009
Sommar del 1
Her er uansett eitt av høgdepunkta i veke 34:

nestenvaksen avd. Bergen og nestenvaksen avd. Kristiansand lunsjar i Nupenparken. Knallhelg!
Skal ikkje sjå vekk i frå at dette kan bli eit fast innslag langsmed. Som livsnytar (les: student) har eg jo trass alt mange sommarveker å ta av.
Quiz-tid?
09.09.2009
Onsdag

07.09.2009
Uglebrugle
Fint turområdet, herlig selskap, gode pølser, fint bål, gode bålbakte poteter med Guro-smør ;) Kjekke unga, gode blåbær og ikkje minst søt lita ugle som blei redda og satt fri!
Personlig mena eg at hausten er grei den! :) Fint å vere ute. Deilig å kle seg med ull. Koselig med stearinlys inne. Mørke hausttura - der både padder og elga kan skremme ein! :) (ref. tur i går. Takk Lin Renate, som passa med når padda angreip, 2 gonga)
Takk, Aftenposten...
Eit kort innslag av moteblogg idag.
Dagens outfit:
bergansjakke
bergansbukse
goretex-sko
paraply
ullkle
Ha ein vidare tørr dag!
30.08.2009
Ja...
Ja. Eg er i Bergen.
Ja. Eg går på ny skule.
Ja. Eg et, søv, les og er overraskande mykje meir sosial enn eg pleier.
Ja. Eg har forferdeleg dårleg samvit for at det har vore laber aktivitet her i forferdeleg lang tid no.
Ja. Eg har store planar om ein oppsummeringspost.
Ja. Så var det berre å få tida til alt då.
Ja...
24.08.2009
Besøket er over
Trur den trenge ein vask etter laurdagens elleville arrangement.
Takk :janne, for at du var der og gjorde dagen komplett!
19.08.2009
05.08.2009
Jaggu sa eg smør
Panta flaske i går. Etter å trykka inn alle flaskene, tenkte eg hardt på om eg skulle trykke på Røde Kors knappen, eller den grønne. Eg motet til meg å tryte på den raude xen. Sekunda var som TIMAR. Maskina gjere seg klar. TA ta ta tataiiiiiii. :) Eg "såg" korleis nullane på maskina rullafram. At eg vann den store gjeve premien på heile 2 millionar kroner! At eg kunne sleppe å handle, berre bestille ALT heim UBEGRENSA.
Men eg kom fort ned igjen på jorda når eg såg den store sum av kr 50,-. Jo det var då ein premie! Eg gav 29 kr i pant til RødeKors, som takk gjer dei meg kr 50,-. Alt i alt kjem eg ut med kr 21 i pluss. :)
Etter å ha handla matvare for kr 1000,- hadde eg forsatt ein GOD følelse av gevinsten min! :)
31.07.2009
27.07.2009
Sånn går nu dagan...
Vi er dårlige å blogge i høgtide/feria. Det må vi berre vedgå.
Sommaren går i fullfart, snart er vi begge påplass igjen.
Blogga om veir og vind, irriterande ting og pussige situasjona.
Eg berre seie det, vi er snart tilbake!
12.06.2009
Dagane derpå
Dette må vel seiast å vere høgdepunktet, skaffa av superroomie BK. Fantastisk veir, fantastisk mann, fantastisk musikk, fantastisk stemning. Kort sagt. 

Dagane før heimreise skal nyttast til rydding, pakking og vasking, som er blitt ofra glatt til fordel for lesing dei siste tre vekene (det ser ut som klesskapet har spydd på rommet mitt). Dagane etter heimreise skal brukast til mykje jobbing og lite betaling, festlegheiter i samband med :bente, mykje sosialisering og forhåpentligvis mykje fint veir. Men fyrst er det pakking.
Eller eigentleg, aller fyrst er det kafé.
